16. mars 2019326 dager igjen

Dagleg leiar søkjer nye utfordringar etter 7 år som ansvarlig for HovdenTour, og me søkjer derfor hennar etterfølgjar. Klikk deg vidare for full utlysing.

ARRANGEMENTSANSVARLEG (40 % stilling)


Arbeidsgjevar: HovdenTour AS (eigd av Hovden Sportsklubb og Bykle Idrettslag)

Stillingstittel: Arrangementsansvarleg 40 % stilling (eventuelt 2 x 20 %)

Stad: Hovden/ Bykle

Frist: 10. mai 2018

Varigheit: Fast


Dagleg leiar søkjer nye utfordringar etter 7 år som ansvarlig for HovdenTour, og me søkjer derfor hennar etterfølgjar. HovdenTour er eit turrenn som blir arrangert kvart år i mars. Rennet har hatt frå 1682 – 2194 deltakarar, og 150 frivillige er involvert i avviklinga av arrangementet. HovdenTour har mål om vekst og 2600 deltakarar i rennet. Ein organisasjonskomité fordeler ulike ansvarsområde i samband med avviklinga av sjølve rennet. Dagleg leiar/ arrangementsansvarleg rapporterer til styret.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift og organisering
  • Økonomiansvar inkludert budsjett- og resultatansvar
  • Rekruttering og oppfølging av organisasjonskomité og funksjonærar
  • Oppfølging av kontrakter og søknader
  • Sponsorarbeid
  • Utvikling og organisering av arrangementet
  • Marknadsføring og sosiale medier
  • Presse

 

Ønskte kvalifikasjonar

  • Utdanning innan prosjektleiing og/ eller arrangement er ønskjeleg, men erfaring kan kompensere for dette
  • Erfaring med prosjektleiing og/ eller store arrangement
  • Relevant erfaring med leiing og kommunikasjon
  • God økonomi- og rekneskapsforståing
  • Gjerne kompetanse innan marknadsføring og sosiale medier

 

Personlege eigenskapar

  • Engasjert, motiverande og samlande
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert og sjølvstendig med stor arbeidskapasitet
  • Initiativrik og nytenkande


Sidan stillinga inneber mange og varierte oppgåver kan det vere aktuelt å tenke ei løysing der 2 personar deler stillinga og oppgåvene for å få inn best mogleg kompetanse. Ein kan eventuelt tenke seg ein person med ansvar for administrasjon og økonomi, og ein som jobbar meir aktivt med gjennomføring av sjølve rennet, sponsorarbeid, utvikling og presse.

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til dagleg leiar Ingvild Hovden (ingvild@hovdentour.no/ tel 959 79 856) eller styreleiar Olav Mandt (olav.mandt@istorm.no/ tel 901 73 940).

 

Søknad og CV kan sendast innan 10. mai 2018 til:

 

HovdenTour AS

Setesdalsvegen 4273

4755 Hovden

 

Send gjerne søknad per e-post: ingvild@hovdentour.no

[Tilbake]
Generalsponsor
Hovedsponsorer
Sponsorer
SAMARBEIDSPARTNERE